Hjartdal kommune

Sanserik opplevingssti

Sanserike opplevingar er målet for Hjartdal kommune si satsing på ein universelt utforma tursti. Bakgrunn for prosjektet var behovet for opplevingar og turmoglegheiter for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i og rundt sjukeheimen i Sauland sentrum.

Skisser ved elva.

Skisser ved elva.

Prosjektet har hatt som hovudmål å skape interesse for og styrke kompetansen om universell utforming. Dette skulle gjere det mogleg å skape naturopplevingar for flest mogleg i lokalmiljøet.

Gikk en tur på stien…
Sansevegen eller Gro´s sti skal medverke til å auke kompetansen om universell utforming både internt i kommunen og blant innbyggarane. Kommunen er i ferd med å realisere ein sti, som vil gje mange brukarar ei betre naturoppleving og turmulegheiter dei tidlegare ikkje kunne nytte. Tilgang til elva med ein møtestad på tvers av generasjonar vil bli resultatet, når opplevingsvegen er ferdig sommaren 2016.

Felles løft
Kommunen er framleis i gjennomføringsfasen og har brukt pengar på kompetanseheving og planlegging i samarbeid med lokale lag og organisasjonar. Det er utarbeidd ein plan for tiltak langs vegen samt ein dugnadsplan. Det er gjennomført informasjon- og dialogmøte med Rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne og eit møte med inviterte lag og organisasjonar. Tre pensjonistlag i kommunen har sagt ja til å sponse ein benk kvar. Kommunen skal inngå samarbeid med Frivilligsentralen om dugnadsdelen i prosjektet. Hjartdal kommune har deltatt på fagsamlingar på fylkesplan og på landsplan i K2-nettverket og på konferanse om universell utforming gjennom Husbanken og KMD. Her har tilsette og samarbeidspartar fått auka kompetansen sin i prosjektarbeid.

Storflaum
Framdrifta er forseinka, mellom anna på grunn av lita tid til planlegging og storflaum hausten 2015. Her vart ein del av det øvste dekket på vegen skylt vekk. Elles er universell utforming sett skikkeleg på dagsorden i kommunen. Fokus på universell utforming på eitt område har medverka til meir bevisstgjering på andre område.