Stord kommune: Bustadbygging
Nyskapande modell for bustadbygging
Å lage bustader som er tilpassa fleire grupper av framtidige bebuarar, og å gjere dei tilgjengelige og inkluderande er framtidsretta politikk. Universell utforming er meir enn krav om handlistar, fargekontrastar og dørbredder. Det er å gjere bustadane attraktive og funksjonelle for flest mogleg bebuarar.
Modell for bustadbygging har resultert i fleire ulike bufellesskap, her frå Knutsaåsen på opningsdagen med ordførar til stades. Foto: Nina Sørli, Stord kommune.
Målet for prosjekt «Modell for bustadbygging» var å leggje til rette for eit godt bustadtilbod for dei som elles har vanskar med å skaffe seg eigen bustad, eller som har behov for eit bufellesskap saman med andre. Kommunen fekk 450 000 i kompetansemidlar av Husbanken for å utvikle bustadmodellen.
Prosjektkonkurranse
Det vart lyst ut ein avgrensa prosjektkonkurranse om utarbeiding av ein modell for bustader der universell utforming var eit av fleire krav. Konkurransen omfatta i første omgang tre bufellesskap. Kriteria for val av prosjekt var: Pris på prosjektering, kalkulerte byggekostnader, funksjonalitet og bruk, utforming og estetikk (arkitektonisk kvalitet, stadtilpassing, samanheng ute-inne) samt forvaltning, drift og vedlikehald (livsløpskostnader).
Krav til modell
Krav til modellen var at den skulle innehalde ulike element, som gjorde at bustader kunne utformast etter behovet til ulike grupper av bebuarar. Det kunne mellom anna vere materialbruk, fellesareal, kontor og base for pleiepersonell. Modulane skulle kunne nyttast på ulike tomter, og det skulle vere mogleg å sette ulik farge og dekor på elementa, slik at bustadane ikkje vart for like.
Der alle skulle tru at nokon kunne bu
Tiltaket vart finansiert gjennom låneopptak og tilskot frå Husbanken, og husleiga blei sett til reelle buutgifter. Vinnar var Arkitekturverkstaden Asplan Viak AS med mottoet: «Der alle skulle tru at nokon kunne bu». Dei laga ein modulbasert modell som kan setjast saman på ulikt vis, men ikkje som ferdigproduserte modulbygg. Arkitekturverkstaden fekk i oppdrag å detaljprosjektere 21 bustader fordelt på fire tomter.
Kva er universell utforming i bustader?
I konkurransematerialet var orda «universell utforming» og
«tilgjenge for alle» brukt. Det var ikkje spesifisert kva ein meiner med universell utforming i bustadar. I ettertid ser ein at det ville ha vore ein fordel. Vinnaren har likevel hatt god forståing av omgrepet, og hadde gode forslag til utforming av bustadane, uteareal og samanheng mellom inne,- og ute areal for ulike brukargrupper. Vinnarfirmaet hadde som einaste firma teikna ein eigen modul for trapp og heis.
Krevjande og spanande
Det var tre ulike brukargrupper som var tiltenkt bustader i første omgang, og det vart oppretta kontakt med fagpersonar og brukargruppene. Det var ikkje mogleg med individuelle tilpassingar for enkeltpersonar, derfor var det viktig å lytte til kva fagfolk og brukarar meinte skulle prioriterast for dei ulike brukargruppene. Dette gjorde arbeidet krevjande, men og meir spanande.
Prosjektgruppa hadde kompetanse på behov hos brukargruppene, noko som var viktig i startfasen. Det viste seg likevel fort at det var behov for spesialkompetansen til styringsgruppa for å få prosjektet i hamn.
Stord kommune hadde utarbeidd ein eigen rettleiar for universell utforming av flerleilighetsbygg, som vart brukt i prosjektet. Trondheim kommune sitt «prosjekteringsverktøy universell utforming flerleilighetsbygg» blei også brukt for å finne gode løysingar.
Gode bustader for alle
Dei tre bufellesskapa er no ferdig, og dei som har fått tilbod om å leige, har flytta inn. Både Stord kommune og leigetakarane er godt nøgd med resultatet. Det er meiningsfylt å jobbe saman på tvers av profesjonar og etatar, og det er nyttig med samarbeid mot statlige instansar i større prosjekt. Kontakten mot Husbanken Region vest og deira kompetanse har vore viktig.
Prosjekterande sin kunnskap om universell utforming og vilje til å finne løysingar har vore avgjerande for resultatet.
Stikkord, søkeord, nøkkelord:
Kommuneplanlegging – Samfunnsdelen – Arealdelen – Byggesak – Nybygg – Drift – Sentrumsutvikling – Politisk forankring – Administrativ forankring – Verktøy – Tverretatlig – Prosjektorganisering – Kommunikasjon – Boligutvikling – Inkludering – Helse – Omsorg – Tilgjengelighet – Bygg for alle – Design for alle