Time og Klepp kommuner: Kyrkje på Jæren

Universelt utforma kyrkje på Jæren

Klepp og Time kommune skulle som første kommunar i landet byggje ei ny kyrkje saman. Dei vedtok at kyrkja skulle byggjast i tråd med prinsippa om universell ­utforming. Frøyland og ­Orstad kyrkje er blitt eit publikumsbygg med god og likeverdig tilkomst for alle.

Universelt utforma kyrkje på Jæren Dette er ein av dei beste salane eg har sunge i, seier Hanne Krogh. Foto: Knut Bry.

 

Kirke.

Dåp. Foto: Knut Bry.

Politisk vedtak i kommunestyre i Time 21. juni 2005:

«Kyrkja skal byggjast i tråd med prinsippa om universell utforming. Folk skal kunna gå altergang, døypa barn, gifta og konfirmera seg, jamvel om dei er orienteringselle bevegelseshemma, og det utan særlege tiltak for dei»

Det var og eit likelydande politisk vedtak i Klepp kommunestyre. Vedtaket skapte utfordringar for prosjektet. I 2005 var det lite ­kunnskap om universell utforming og lite rettleiingsmateriell å finna. Kyrkja tok det som ei utfordring. Dei laga ein moglegheitsstudie, basert på temaheftet frå Statsbygg: Bygg for alle.

Prosjektet starta i 2003 med å ­utlyse ein arkitektkonkurranse. Vinnarutkastet måtte reviderast fleire gonger. Første spadestikk vart teke i 2005, og kyrkja vart vigsla i 2008.

Frøyland og Orstad kyrkje stod sjølv for byggje – og prosjektleiing. Den samla kostnaden var på 68 millionar kronar, inkludert 17 000 dugnadstimer. Klepp og Time ­kommune ytte sitt med 21,7 mill kr. kvar.

Meir enn rullestolar
Universell utforming var tema på alle byggjemøta i starten, og prosjektleiaren hadde ein stor jobb med å få alle til å skjøna at dette var noko meir enn tilgjenge for rullestolar. Med så mange aktørar var den største utfordringa å få alle til å forstå grunntanken med omgrepet. Universell utforming er ein integrert del av bygget si form, der også den kunstnariske utforminga medverkar til å oppnå dette.

kirke.

Foto: Knut Bry.

God lyd
Det er lagt stor vekt på å få til eit godt lydmiljø med låg etterklangstid og bevisst på bruk av materiale og romgeometri. Bygget er evaluert av brukarar frå Handi­kap­forbundet, Astma og allergi­forbundet, Blindeforbundet og Hørsellaget. Ulike behov skapar konfliktar, til dømes er det harde og litt glatte golvet lett å halda reint, noko allergikarar set høgt. På den andre sida kan lyden på eit hardt golv plaga hørselshemma og vere farlegare å gå på. Hørsellaget er veldig godt nøgd med bygget.

Det er installert løfteplattform ­mellom 1. etasje og underetasjen. Det er ikkje ei optimal løysing, men den er valt ut frå økonomiske omsyn.
Kommunane brukar kyrkjebygget som eit godt eksempel på ­universell utforming og har hatt mange grupper på synfaring.
Kyrkja fekk Rogaland fylke sin ­tilgjengepris i 2009.

Saman med Husbanken har ­kommunane laga brosjyren «Rom for alle», som beskriv prosessen frå politisk vedtak til ferdig bygg. Den kan ein få ved å vende seg til Time kommune, eller bruke lenka: https://www.time.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=13009&FilId=2641
Det er også laga ein nettversjon: www.tilgjengekyrkja.no


Universell utforming vart leielinja vår. Ein hemsko meinte mange. I staden vart det ei openberring.
Byggje – og prosjektleiar Njaal Fykse


Stikkord, søkeord, nøkkelord:
Politisk forankringInformasjonBrukerorgFrivillige orgProsjektorganiseringInkluderingKulturIdrettBygg for alleHvileplanKontrastmerkingLedelinjeLøfteplattformNivåmerkingOverflatePublikumsbyggSnusirkelTaktil merking