Vaksdal kommune
Trinnfri jubel for kryssingsfelt i gågata
Suksesskriteriet er samarbeid med brukarane om utforming av trinnfrie kryssingsfelt i sentrumsgata på. Saman med dei har kommunen bygd åtte kryssingsfelt – til trinnfri jubel.
Gågata i Dale sentrum vart bygd med brustein i 1995. Då var det ingen som tenkte på trinnfri tilkomst. Dette gjorde det vanskeleg for rørslehemma å kome seg fram på eiga hand. Mellom anna ujamne brusteinar og høge kantar i rennesteinen har vore utfordrande. For å bøte på dette vart det bygd trinnlaus tilkomst og kryssingspunkt.
Medverknad
Brukarane har vore med å bestemme kvar kryssingsfelta skulle ligge. No er det bygd slike felt mellom hushjørna, til parkeringsplassar, eldrebustader, og andre mykje nytta kryssingspunkt – i alt åtte felt. Rennesteinskantane er også utbetra og erstatta med rister, som let vatnet passer som før.
Prosjektet har hausta positive tilbakemeldingar frå brukarane, ikkje berre frå rørslehemma, men også frå syklistar og folk med barnevogn. Ja, besøkande generelt har også gitt kommunen gode tilbakemeldingar. Dei universelt utforma kryssingsfelta beviser såleis innhaldet i slagordet: Nødvendig for nokre, nyttig for alle.
Fleire enn planlagt
Det skulle vise seg vanskeleg å få tak i lokale murarar, som kunne gjere jobben innanfor det oppsette tidsramma. Delar av arbeidet vart derfor gjennomført med eigne kommunalt tilsette. Dette hadde den heldige konsekvensen at prosjektet vart utvida til å byggje fleire kryssingspunkt enn planlagt.