Lindås kommune

Frå regionsenter til universelt utforma by

Lindås kommune har arbeidd lenge med ein områdereguleringsplan, som legg rammer for ei byutvikling av kommune- og regionsenteret Knarvik. Dette arbeidet er i samsvar med Regional plan for attraktive senter, som nyleg er sluttført av Hordaland fylkeskommune og Regional plan for folkehelse.

Likestilt interiør på Handicaporganisationernes Hus. Resepsjon og garderobe i ulike høgder. Heis som du kan betene med fotbrettet på en rullestol.

Likestilt interiør på Handicaporganisationernes Hus. Resepsjon og garderobe i ulike høgder. Heis som du kan betene med fotbrettet på en rullestol.

Desse tre planane legg vekt på universell utvikling som premiss for planlegging og utvikling. Lindås kommune ønskjer gjennom K2-prosjektet å arbeide med universell utforming med god arkitektonisk kvalitet i utviklinga av senterområdet.

Arbeidsformer
Prosjektet har konsentrert seg om tre aktivitetar, nemleg verkstad og sjekklister, foredrag og studietur til København.  Den første bolken var ei innføring i sjekklister som arbeidsreiskap, der deltakarane fekk innføring i prinsippa for sjekklister for bygg og anlegg. I den praktiske delen fekk dei prøve ut korleis det er å ha nedsett syn, alvorlege pusteproblem eller vere avhengig av rullestol. Her fekk ein oppleve korleis sjølv 15 mm høge dørtersklar kan vere ei uoverstigeleg barriere, dersom du er avhengig av rullestol.

Studietur
Under studieturen til København fekk  dei i tillegg til omvising på Handicaporganisationernes Hus og Center for Kræft- og Sundhet også eit inspirasjonsforedrag av arkitekt og professor Camilla Ryhl. Ho gav deltakarane ei breiare forståing av omgrepet universell utforming, der det er viktig å legge vekt på den sanselege opplevinga av bygg og arkitektur. Ho understreka at universell utforming bør sjåast både som ei haldning og ein metode. I Handicaporganisationernes Hus kunne ein sanse god design, som tok omsyn til behovet for kontrastar ved orientering, akustikk, inneklima og framkomelegheit for alle. Likestilling og sjølvhjelp var gjennomgåande prinsipp for val av løysingar. Rehabiliteringssenteret Center for Kræft- og Sundhet er planlagt gjennom stor medverkingsgrad frå dei ulike brukarane. Det hadde gitt funksjonelle og tenlege løysingar utan preg av institusjon eller sjukehus. Det var inspirerande at byggekostnadene ikkje var høgare enn i standard institusjonsbygg med liknande funksjonar.

Lokale erfaringar
Ulike lokale brukar- og faggrupper har delteke på dei mange aktivitetane gjennom K2-prosjektet i Lindås. Dette kompetansehevingsprosjektet har gitt deltakarane ein plattform for felles forståing av omgrepet universell utforming og inspirasjon til nye kreative løysingar. Kommunen vil følgje opp arbeidet med ein uu-verkstad for nye politikarar våren 2016. Dei vil også ta i bruk dei omtalte sjekklistene. Vidare vil brukarmedverknad og prinsippet om universell utforming verte lagt til grunn ved realisering av Knarvikplanen og når Skyss-stasjonen skal flyttast.

Nokre gullkorn
1 Universell utforming må drøftast både som haldning OG metode
2 Medverknad er ein suksessfaktor i dei gode prosjekta
3 God design og universell utforming treng ikkje koste meir
4 Likeverd, inkludering og universell utforming er tre sider av same sak
5 … av og til kan 15 mm vere skilnaden mellom å vere innanfor eller utanfor

Center for Kræft- og Sundhed er bygd i ein eksisterande park/hage, der utearealet er gjort tilgjengeleg og opparbeidd som ein bydelspark med universell utforming, treningsapparat og skjerma sitjeplassar.

Center for Kræft- og Sundhed er bygd i ein eksisterande park/hage, der utearealet er gjort tilgjengeleg og opparbeidd som ein bydelspark med universell utforming, treningsapparat og skjerma sitjeplassar.