Møre og Romsdal fylke: Hurtigbåtkaiene

Kartlegging av hurtigbåtkaiene

Ein stor del av transporten i Møre og Romsdal fylke går føre seg med ferje og hurtigbåt. Fylket har i alt 29 rutesamband på sjøsida, fem av desse er reine hurtigbåtsamband.
I 2012 ble tilkomst og tilgjenge ved 15 hurtig­båtkaier kartlagt. Formålet var å få oversikt over kaiene sin tilstand med tanke på framtidige utbetringar.

Kartlegging av hurtigbåtkaiene
Fra Vikebukt hurtigbåtkai, bildet viser vanskelig tilgjengelig leskur ved hurtigbåtkaia (stor høydeforskjell). Foto: Rakel B. Helset, Norges Handikapforbund.

 

Då fylkeskommunen i 2008 teikna avtale om kjøp av hurtigbåt­tenester, vart det i anbodet stilt krav om nye fartøy, bygd etter krava i hurtigbåtforskrifta FOR 1998-01-05 nr 06. : Forskrift om bygging, utrustning og drift av hurtiggående fartøy som anvendes som ­passasjerskip eller lasteskip.

Gamle hurtigbåtkaier
Dei 15 hurtigbåtkaiene er av eldre dato og med varierande standard. Best standard finn ein naturleg
nok på dei trafikksterke kaiene.
I samband med det siste hurtig­båtanbodet som fylkes­kommunen la ut, vart det ikkje gjort særleg andre utbetringar på anlegga, enn nødvendige tilpassingar for anløp av  dei nye fartøya.
Då Møre og Romsdal vart pilot­fylke for universell utforming i 2009, ville ein mellom anna satse særskilt på samferdsle. Ein gjekk difor i gang med å kartleggje tilhøva rundt krav  til universell ­utforming ved hurtig­båtkaiene, trafikkterminalane og ved ­haldeplassane langs traseen for Timekspressen mellom Volda og ­Kristiansund.

Kartlegging av hurtigbåtkaiene
For å få hjelp i den praktiske ­gjennomføringa av kartleggingsarbeidet vart det inngått avtale med dei lokale avdelingane av Norges Handikapforbund og Norges Blindeforbund. Ein brukte ein del tid i starten på å finne eit egna verktøy for kartleggingsarbeidet. Blant anna blei det vurdert å nytte Statsbygg sin ­registreringmodul i Bygg for alle. Etter nærare vurdering blei  modulen oppfatta for detaljert og kompleks for formålet. Gjennom dialog med dei to brukarorganisasjonane som skulle utføre kart­legginga, samt  Deltasenteret og Statens Vegvesen (ferjekai-­seksjonen), fann ein  det mest føremålstenleg å nytte organi­sasjonane sine eigne rettleiarar i kartleggingsarbeidet:

“Tilgjengelege bygg og ­uteområde”, Norges ­Handikapforbund

“Estetisk, trygt og tilgjengeleg” med sjekkliste, Norges ­Blindeforbund

Det vart også opna for å nytte Statens vegvesen si handbok 278, dersom dei nemnde rettleiarane ikkje var tilstrekkelege. Ei av utfordringane ved kartlegging av hurtigbåtkaier, er så langt fylkeskommunen erfarer, at det ikkje eksisterer eksakte krav til universell utforming av slike anlegg. Vidare er store variasjonar i tidevatn ei utfordring.

Kartlegging av hurtigbåtkaiene

Fra Vikebukt hurtigbåtkai, bildet viser et dekke som gjør at hjulene på rullestolen setter seg fast, forøvrig er det også på dette anlegget et buet påkjøringsbrett til landgang. Foto: Rakel B. Helset, Norges Handikapforbund.

Samarbeid med organisasjonane.
Sjølve kartleggingsarbeidet starta våren 2012 og gjekk føre seg ved at representantar frå dei to organi­sasjonane vitja alle dei femten hurtigbåtkaiene i fylket, og vurderte anlegga ut i frå retningslinene i rettleiarane. I nokre høve var ein også i dialog med mannskapet på hurtigbåtane som nyttar kaiene. Kartlegginga omfatta i hovudsak sjølve anlegget (landgang, kai, venteromsfasilitetar, toalett, parkering med meir). Ved fleire anlegg er likevel også delar av tilførselsvegen, som leier fram til anlegget, kartlagt. Då kartlegginga vart avslutta hausten 2012 leverte både Norges Handikap­forbund og Norges Blindeforbund eigne rapportar om arbeidet. Saman med desse vart det også overlevert eit større biletmateriale.

Avtalt pris for kartleggingsarbeidet var i alt kr 143.000,- Summen ­omfatter kartlegging av både hurtigbåtkaier og trafikkterminalar.
Fleire funn som avdekte manglande tryggleik ved anlegga, vart utbetra kort tid etter kartlegginga. Når det gjeld resultatet av kart­legginga og den vidare bruken av rapportane, vil desse bli nytta når det kjem til utbetringar ved og rundt hurtigbåtkaiene. Dette er også i samsvar med det ein såg
føre seg då arbeidet starta.


Hovudfunn
•    Heilt manglande og/eller mangelfulle ledeliner/ledesystem
•    Manglande merking i forkant av felt, som krev særleg merksemd
•    Kontrastproblematikk
•    Manglande taktil skilting
•    For høgt plasserte monitorar/ruteinformasjon
•    For lita skrift på rutetabellar/oppslag
•    Ein del tilfelle av lys- og motlysproblematikk
•    Gjennomgåande manglar for handikap-parkering (for lite areal/manglande parkeringsplassar)
•    Tilfelle av lite egna underlag for rullestol på gangbruer (landgang)
•    Varierande toalettfasilitetar (i nokre tilfelle ikkje tilpassa rullestol)
•    Manglande sikring mot kaifronten.


Stikkord, søkeord, nøkkelord:
PlanstrategiSamfunnsdelenArealdelenReguleringsplanKollektivtransportKnutepunktFergeBussRehabiliteringOpprustingService-byggOpprustingDriftVedlikeholdAdministrativ forankringPlanforankringØkonomiplanBudsjettInformasjonVeiledningBrukerorgFrivillige orgProsjektorganiseringTilsynkontrollUniversell utformingInkluderingTrygghetServiceKontrasterKontrastmerkingLedelinjeLyssettingNivåsprangRullestolTaktil merking