Sogn og Fjordane fylke: Meir livsglede
Trygge lokalsamfunn – meir livsglede
Universell utforming er viktig for å fremme helse og førebygge skader og ulukker. Plan og samfunnsavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune har derfor vore pådrivar for å auke kompetanse kring universell utforming i fylket og kople dette til satsinga Trygge Lokalsamfunn (TL).
Årdal kommune er eit Safe Community etter WHO modellen. Her frå det årlege rullestol- og rullatorløpet som er aktivitet for eldre – og som stiller krav til universell utforming og tryggleik. Foto: Steinar Drægni.
Trygge lokalsamfunn og universell utforming har kvar for seg vore forankra i fylkesplan og handlingsplanar. No er universell utforming og førebygging av skader og ulukker integrert i ny regional plan for transport, i regional plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv og i strategidokument.

Barn og unge sin rett til å bli inkludert og medvirke er vktig både i Trygge lokalsamfunnssatsingsa og i arbeidet for universell utforming. Foto: Jomar Bergheim.
Universell utforming og folkehelse
Fylkeskommunen fekk status som Safe Community i 2005 og arbeider for å førebygge skader og ulukker etter denne WHO-modellen. Universelt utforma bygg og uteområde kan redusere talet på alvorlege skader og ulukker som følgje av fall i trapper, avsatsar, ujevnheiter og lysforhold. Tanken bak universell utforming er å auke befolkninga sine muligheiter for deltaking på viktige samfunnsarenaer – uavhengig av fysisk, sosial eller psykisk funksjonsgrad. Sosial medverknad og sosialt tilhøyre gir respekt og hindrar stigmatisering, noko som i seg sjølv er ein helsefremmande faktor.
Nettverksarbeid
12 kommunar deltar i TL- satsinga. Kommunane arbeider ulikt med spesifikke innsatsområde og koplar universell utforming til planprosessar, arbeid med friluftsområde, førebyggande arbeid i heimane, drosjetransport med meir. Universell utforming sjåast i eit folkehelseperspektiv og er tema på møte i nettverket og i partnarskap for folkehelse. Gjennom dette har fleire kommunar, fagfelt og verksemder fått betre føresetnadar for heilskapstenking og tverrsektorelt samarbeid.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har samarbeidd med Flora kommune om å arrangere fagseminar om universell utforming knytt til friluftsområde. Tryggleikperspektivet har vore tatt opp i diskusjonar og ved synfaring. Bilde frå Sørstrand folkepark. Foto: Eli Kristin Magnussen.
Lærdom
Det er ofte feil i planlegging og utføring som gjer eit bygg utilfredsstillande med omsyn til tilgjenge og risiko for skader. Det
er ei utfordring å sikre at både planleggjarar, prosjektørar og handverkarar har tilstrekkeleg kompetanse om krava til universell utforming av bygg som rettar seg til allmenta. I kurssamanheng har ein nytta kompetanseprogrammet K5 som er utviklet av Direktoratet for byggkvalitet. Brukarorganisasjonar har funne K5-kurs og fagseminar nyttige.
Det har og vore nødvendig å «avlive» myter og førestillingar kring universell utforming, til dømes at det er fordyrande.
Skadeførebyggjande
Markering av trinn og nivåforskjellar er nødvendig for å hindre fall og ulukker. Materialbruk, utforming, plassering, varsling og sikring er avgjerande for å førebygge fall og samanstøytar. Færre snublekantar og glatte flater, fleire rekkverk, tydelege ledelinjer, kontrastar, god merking og gode lystilhøve, er ikkje berre i tråd med prinsippa for universell utforming og tilgjenge for alle. Slike utformingsprinsipp er også direkte skadeførebyggande.
Medviten og systematisk bruk av universell utforming meiner vi kan førebygge skader og ulukker og fremme helse i befolkninga».
Rådgjevar Heidi Ekehaug
Viktig å se tilskudd til folkehelse i sammenheng med spillemidler
Østfold fylkeskommune har satt universell utforming på dagsordenen i blant annet Østfoldhelsa, Helse i plan samarbeidet og i ressursgruppen for forebygging av ulykker og skader i Østfold. Som en del av pilotfylkeprosjektet har fylkeskommunen invitert kommunene til å søke om 50.000 kr. til folkehelsetiltak med fokus på universell utforming. I alt seks kommuner har gjennom prosjektperioden fått tilskudd til universell utforming av turstier.
Stikkord, søkeord, nøkkelord:
Planstrategi – Kommuneplanlegging – Samfunnsdelen – Turstier – Turveger – Folkehelse – Sentrumsutvikling – Politisk forankring – Administrativ forankring – Planforankring – Kurs – Tverretatlig – Universell utforming – Nærmiljø – Lokalsamfunnsutvikling – Inkludering – Trygghet