Stord kommune

Tryggleik og tilgjenge for ungdom på Stord

Eit aktivt ungdomsråd i Stord kommune har gjennom sitt engasjement og samarbeid med kriminalforebyggende råd påverka kommunen til å satse på eit meir universelt utforma lokalsamfunn. Gjennom prosjektet har dei funne ein modell for å gi unge i kommunen en reell innflytelse.

Tryggleiksvandring med ordførar

Tryggleiksvandring med ordførar

Stord kommune har over mange år planlagt med tanke på universell utforming og samarbeidet med Kriminalforebyggende råd (Kråd). I dette prosjektet har dei òg satsa på ungdom som aktive deltakarar for å oppnå at barn og unge har uformelle møteplassar som er tilrettelagt fysisk slik at alle kan delta på ein trygg måte og at dei har fridom til å gå og sykle der dei ynskjer.

Involvering i praksis
Mange kommunar har eit ungdomsråd som deltar i utvikling av kommunen. I Stord har dei i dette prosjektet tatt eit skritt vidare og latt ungdomsrådet bestemme kva slags tiltak som skal prioriterast. Slik har ungdommar delteke med å foreslå, vurdere og til slutt ta avgjerer om tiltak. Ungdommar i kommunen har gjennom bruk av blant anna MMS og ungdomsskolane gjort prosjektgruppa oppmerksame på stadar som opplevas som utrygge og hindrar dei i å delta i ulike aktivitetar på eiga hand.

Tryggleiksvandring som metode for kartlegging
Måla med ei tryggleiksvandring er blant anna å avdekke behov for fysiske endringar (lys, rekkverk, tilgjenge), men også skape ei felles forståing for ansvaret for å førebygge vold og anna kriminalitet. Vandringa fører også til at menneskjer kjem saman og diskuterer viktige spørsmål. På Stord deltok ungdomsrådet på vandringa saman med blant anna politi, brannsjef, ordførar, SLT-koordinator, utekontakt, natteravn, prosjektmedarbeidarar og lokalpressa. Vandringa blei gjennomført ved at alle gjekk saman etter avtalt rute, og alle kom med synspunkt på ulike utfordringar langs rute. Etter vandringa var det ei oppsummeringsmøte på Rådhuset.

Funn og utbetringar
På mange stadar var det relativt enkle tiltak som forbetra tryggleiken og tilgjenge for mange fleire. Fleire stadar har betre lys, nye rekkverk og fjerning av busker og kratt gjort plassen, gangvegen eller møteplassen betydelig betre og opplevast som tryggare å både bruke og opphalde seg på.

Samarbeid med god nytte
Prosessen har vert lærerik for både kommunen og ungdommane. Kommunen har gjett frå seg mye ansvar som ungdommane har teke. Dei unges engasjement har ført til breiare diskusjonar og auka kompetanse for begge partar.

Snublekantar

Skumle snublekantar

Samarbeide mellom fleire etatar og organisasjonar