Time kommune: Brøyterutine
Eigen brøyterutine sikrar god framkomst på Bryne
Tøffe vintrar i 2008-09 og lange kuldeperiodar med lite snø og djup tele gjorde det vanskeleg for mange på kome seg fram i Bryne sentrum i Time kommune, Rogaland. Når regnet kom, slo telen opp og det oppsto ei hinne av stålis over asfalten. Store snømengder i løpet av kort tid gjer det også vanskeleg å brøyte vegane før snøen vart kjørt ned til ein 6-8 cm tjukk issole.
Tele og/eller store snømengder i løpet av kort tid gjer det vanskeleg å brøyte vegane.
Tiltak
Problemet var kjent hos i kommunen, og Senior- og brukarrådet tok opp problemet. Ideelt sett skulle heile kommunen ha vore brøyta, men dette var ikkje økonomisk mogeleg. Ein konsentrerte seg derfor om eit mindre geografisk område, slik at størsteparten av innbyggjarane fekk mest muleg att for midlane. Brøyterode 9 dekker dei viktigaste funksjonane i byen, der også stigning og andre viktige sider ved framkomsten for ulike brukargrupper vart vurdert.
Brøyteruta er laga i samarbeid med Senior – og brukarrådet i kommunen. Ruta omfattar parkeringsplassar, rådhuset, legekontor, Nav, helsestasjon, dagsenter, bibliotek, buss- og togstasjon, bank, likningskontor, politi/lensmann og Storgata.
Brøytekriteria
• Brøyte ned til svart asfalt
• Gjerne vente 1 – 2 timar dersom tett snøfall
• Brøyte og strø med sand som inneheld salt samtidig
• Ta ny runde dersom nytt snøfall
• Brøyteruta hadde eigen entreprenør med liten maskin
• Ein må akseptere å vente nokre timar
Kommunale vaktmeistarar skal særleg sørgje for høg kvalitet på vintervedlikehaldet av tilkomsten til kommunale verksemder og institusjonar. I sentrum skal det vere greitt å finne parkeringsplassar med brøyteruta. Eigedomsavdelinga i kommunen har vore involvert for å sikre fri tilkomst heilt til hovuddøra i kommunale bygg og institusjonar.
Tilbakemeldingar
Traseen blir brukt av «alle». Det er betre kvalitet på vintervedlikehald av kryssingspunkt og overgangar. Det er betre tilkomst der både næringsdrivande og kundar er nøgde.
Utfordringar
Parkeringsplassane som er knytt til brøyteruta er ei utfordring. Dårleg brøyting i begge endar av gangfelt medfører lett kantar og issvullar. Det er naudsynt å utbetre ein del fortauskantar.
Stikkord, søkeord, nøkkelord:
Gangveger – Sykkelveger – gågate – Brukerorg – Frivillige org – Tilgjengelighet – snøbrøyting