Fagsamling universell utforming i samfunnsplanlegging, tiltak K1
Dag 1 – tysdag 4. juni på Flora samfunnshus, 5. juni på Quality hotell Florø
Målet med fagsamlinga var å vise korleis nasjonale forventninger til universell utforming kan knyttast til kommuneplanen sin samfunnsdel og korleis universell utforming kan gjerast til eit gjennomgåande perspektiv på de ulike nivåane i kommunal planlegging; frå kommuneplan og kommunedelplanar til områdeplanar og reguleringsplanar.
Sogn- og fjordane fylkeskommune har særskilt arbeid med perspektivet Trygge lokalsamfunn, medan Flora kommune har gjennomført både kartlegging som grunnlag for strategiske plangrep, detaljplanlegging og gjennomføring. Fagsamlinga la òg opp til erfaringsdeling i tverfaglig medverknad og mellom regionalt og kommunalt nivå.
Dag 2 i Florø – fagdelen si fyste dag – inneheldt innlegg med overordna og strategisk tilnærming, medan dag 3 var vigd til eksemplar på meir praktisk planlegging og kunnskapsinnhenting.
Dag 2 – tysdag 4. juni på Flora samfunnshus
Morgonkulturelt
Uavhjort. Frå samlinga Dyrene på ordkloden (pdf – 375Kb), Tekst og teikning Lars Ole Klavestad
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes slo an tonen for samlinga på dag 2 saman med ordførar Bengt Solheim Olsen. Fylkesordføraren framheva arbeidet med Trygge lokalsamfunn og framsnakka at universell utforming er viktig i helsefremjande og skade- og ulukkesforebyggande arbeid i samband med det. I Sogn og Fjordane er det òg etablert eit fylkesforum for universell utforming som eit nettverk mellom ulike sektorar, statlege, fylkeskommunale, kommunale, private og frivillege aktørar.
Velkommen til Florø og Sogn og Fjordane (pdf – 191Kb), v/ fylkesordførar Åshild Kjelsnes, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ordførar Bengt Solheim Olsen, Flora kommune
Kommuneplanens samfunnsdel – eit spørsmål om kunnskap, haldning og innretning? (pdf – 897Kb ), v/ dr.scient Ulla Higdem, førsteamanuensis ved Høgskolen i Lillehammer
Møteleiar Einar Lund fra MD takkar Ulla Higdem for eit fagleg godt fundert innlegg; og inspirerande framført (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken)
Universell utforming – frå kommuneplan til gjennomføring: utfordringar, mogligheiter og nokre suksesskriterier (pdf – 3Mb), v/ fylkessjef Anders Paulsen, Hedmark fylkeskommune
Fylkessjef Anders Paulsen viste på ein god måte fram verkemidla i plansystemet, og hadde henta fleire døme frå Hamar kommune; ei god opptakt til slutt- og erfaringskonferansen i tiltak K1 i Hamar til hausten (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken).
Frå kommuneplan til områdeplan: urbanisering av Sogndalsfjøra (pdf – 6Mb), v/ Anne Margrete Bø Tiballs, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Christopher Ebbang, Sogndal kommune
Frå strategisk plan til handling. Bruk av rettleiar for fylke og kommunar (pdf – 817Kb), v/ rådgjevar Paula Næss Skår, Møre og Romsdal fylkeskommune
Verkstad – frå kommuneplan til reguleringsplan, Miljøverndepartementet og Direktoratet for byggkvalitet: veiledningsarbeid med universell utforming i kommuneplan
Bruk av modellen ”Trygge lokalsamfunn” som ein strategi for universell utforming (pdf – 1,8Mb), v/ høgskolelektor Eyvin Bjørnestad ved Høgskolen i Vestfold og rådgjevar Heidi Karin Ekehaug ved Sogn og Fjordane fylkeskommune
Opplevingar på Svanøy
Etter stillesittinga på hotellet drog deltakarene med rutebåt og skyssbåt sydover frå Florø til opplevingar på Svanøy.
I skyssbåten på veg til Svanøy. Frå venstre: Aina Tjosås, Husbanken, Heidi Kristin Ekerøy, Sogn og Fjordane, Arild Stavne, Prosjektforum, Jon Beldo, MD, Hild Kristin Morvik, MD/Prosjektforum, Martine Henriette Wilberg, Deltasenteret, Pål Lyngstad, Dibk, Oddvin Farestveit, Deltasenteret, Synnøve Roald, Prosjektforum, Einar Lund, MD (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken).
– Ein blir aldri ferdig med å undrast over kor mykje natur, kulturhistorie, energi og entusiasme det finnst rundt om i dette landet, var ein av kommentarane.
På Svanøy hovedgård, med anar til mellomaldaren, fekk deltakarene eit innblikk i korleis kulturarv blir halde i hevd og kan vere ramme for notidas konferansar og selskapeligheiter.
På veg frå Svanøy hovedgård (Foto: Roger Jensen, Fylkesmannen i Telemark)
Norsk hjortesenter ligg òg på Svanøy og erdet nasjonale senteret for kunnskapsutvikling innan tamhjortavl og for villhjortpleie. Middagen blei servert der med kortreist mat både frå havet og frå innmarka. Bordsetet var det siste for og med dei aktivt medverkande fra deltakande fylker og kommunar, nokre av dei samarbeidande nasjonale instansane og prosjektleiinga. Det førde til nokre refleksjonar frå fleie om hendingar i nettverket sitt fireårige liv; før oppbrudd og returreise i ein ljos vestlandsnatt.
- Omvisning på Svanøy hovedgård
- Middag på Norsk hjortesenter
Dag 3 – onsdag 5. juni på Quality hotell Florø
Morgonkulturelt
Benløse fugler. Frå samlinga Alle fugler små de er (pdf – 316Kb), Tekst og teikning Lars Ole Klavestad
Presentasjon av rettleiar og eksempelsamling for bustader i bratt terreng (pdf – 1Mb), v/ senioringeniør Pål Lyngstad og seniorrådgjevar Tone Rønnevig, Direktoratet for byggkvalitet (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken).
Utarbeiding og gjennomføring av områdeplan ved eksempel frå Flora kommune, v/ ergoterapeut Eivind Nybakk, Flora kommune:
- Gjennomføring og funn i kartlegging (pdf – 2Mb),
- Kart (pdf – 4MB)
- Registreringer Storevatnet (pdf – 25Kb)
- Registreringer Strandgata (pdf – 22Kb)
Korleis ivareta universell utforminga i utarbeiding av områdeplanar? (pdf – 6Mb), v/ landskapsarkitekt Arne Smedsvig, Smedsvik landskapsarkitekter
Synfaring i Florø sentrum og ”Den blå Promenade” v/ seniorarkitekt Kjell Åge Udberg, Flora kommune
Med ein klår strategi frå kommunen, godt samarbeide med grunneigarar og arbeidsomme grep mellom anna med flytting av verneverdige sjøhus, såg dei no i sikte og få eit fint samband med sjøkontakt langs bryggane i heile det sentrale Florø. Siktemålet var eit godt gang- og opplevingsmiljø for alle. Fleire byfornyingsprosjekt lå òg inne i perspektiva.
Bryggjesynfaring på ein uferdig ”blå” promenade under leiing av Kjell Åge Udberg, seniorarkitekt Flora kommune (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken)
Historisk byvandring i Florø, v/ pensjonert journalist og lokalhistoriker Harald J. Stavang
Deltakarande fekk ein fargerik innføring i Florø sin tilskiping, med sildefiskeria på 1800-tallet som det avgjerande. I mange år låg det 22 000 menneske i havet utanfor Florø og byen under vårsildfiskeriane og byen vokste rask frå ein liten plass med nokre få hundre innbyggjarar til ein allsidig handels- og indstriby, noko den framleis er for fisk- og sjøretta verksemd.
Nettverksamlingen dag 1 (3.juni)
Nettverksamling for kontaktpersoner i tiltak K1
Dag 1 måndag 3. juni på Quality hotell Florø
Dag 1 på samlinga i Florø var i fyrste rekkje for kontaktpersonar og koordinatorar frå dei 15 fylka og ca 80 kommunane som til nå er knytt til tiltak K1 Nasjonalt utviklingsprosjekt i fylker og kommunar. Over 50 utsendingar var til stades og fekk høyre korleis framdrifta i tiltaket er no i det siste tiltaksåret i handlingsplanperioden 2009 – 2013.
Frå Sørstrand folkepark i Florø. Parken er lagt til rette for aktiv fritid uavhengig av funksjonsnivå (Foto: Roger Jensen, Fylkesmannen i Telemark).
I innleiingsforedraget orienterte seniorådgjevar Einar Lund frå Miljøverndepartementet (MD) om at det er tatt omgrep for å føre det nasjonale arbeidet med universell utforming vidare. Stortinget har bedt regjeringa legge fram ein framdriftsplan for arbeidet fram mot 2025. Ein ventar at regjeringa vil leggje fram eit forslag med det fyrste. Uansett hevda han at det er svært viktig å nytta plan- og bygningslova sine verkemeddel og prosessar. Difor er samfunnsplanlegginga sterkt vektlagt på denne samlinga, den siste før sjølve slutt- og erfaringkonferansen for tiltak K1 i Hamar i oktober 2013.
Fordraget inneheldt også eit oversyn over dei verkemidla i plan- og bygningslova som no er mest aktuelle og nokre nyhende om utviklinga av prosessar og program knytt til planlegginga og by- og bustadpolitkk. Mellom anna la han vekt på at regionale planstrategier frå alle fylka er til godkjenningshandsaming i departementet nett no. Det er noko ulikt kor sterkt universell utforming er knytt til desse planstrategiane i kvart fylke. Han oppmoda difor fylkeskontaktane til å vere seg det bevisst i vidare oppfølging av den regionale planlegginga.
- Nettverkssamling tiltak K1 – innledningsforedrag (pdf – 1Mb), v/ seniorrådgjevar Einar Lund, MD
Vidare program på dag 1 var knytt til sluttføringa av tiltak K1. Det har sidan i vinter vore to arbeidsgrupper i aktivitet. Eit vesentleg mål med dag 1 var difor å sikra kvalitet og forankringa av deira arbeid og dei vidare førebuingane i sluttføringa.
Den eine arbeidsgruppa har nå ferdig programmet for slutt- og erfaringskonferansen i Hamar 23.-25. oktober 2013. Det blir eit omfattande opplegg med ein erfaringsdel og ein del som skal lyfte perspektiva og arbeidet vidare. Det blir verkstadar og synfaringer i god «K1 ande», men òg ein paneldebatt med deltakarar frå nasjonale mynde og instansar.
Den andre gruppa har arbeidd med ein rapport som skal vere tiltak K1 sitt etterskrift. Både ein trykt rapport og ein utvida nettutgåve skal vise eit utval av resultata frå tiltaksperioden gjennom artiklar, notisar og bilete sendt inn frå fylka og kommunane.
Dag 1 ga deltakarane høve til ein synfaring til eit strandområde kor entusiastar har drege i gang utviklinga av eit stort friluftsområde kor dei legg vekt på tilgjenge for alle.
- Synfaring Sørstrand folkepark(pdf – 6Kb) v/ styreleiar Jan Henrik Nygård, Sørstrand folkepark
Fagsamlingen dag 2 og 3 (4. – 5.juni)