K1 Universell utforming – samling med tema formidling, Sarpsborg

16. – 18. april 2012

Jobben er ikkje gjort før den er publisert. Det kan vere ein av konklusjonane frå samlinga.

Eit sentralt tiltak i regjeringa sitt arbeid med universell utforming har vore dei to handlingsplanane for 2005-2008 og for 2009-2013 for å rekruttere pilot- og ressurskommunar samt pilotfylke. I denne perioden er det bygd opp mykje kunnskap. Ei av utfordringane er no å spreie denne kunnskapen til resten av kommune- og fylkesnoreg. Her handlar det både om informasjon og kommunikasjon.

– Fagfolk veit for mye. Derfor må vi forenkle innhaldet, slik at det når fram til folk, poengterte Nina Furu i Webgruppen. På nettet må vi kommunisere på brukarane sine premiss. Det gjer vi best gjennom bruk av såkalla «triggarord», som er dei orda folk nyttar når dei søker etter informasjon på nett. Dersom slike ord i tillegg er lagt inn i lenker, funkar dei ekstra bra. Då luktar det informasjon. Triggarorda er medisin mot fråstøyting på heimesidene. Og: Det er brukaren sitt hovud som er fasit på nett.

Arkeolog Linda Nordeide i Østfold fylkeskommune eksemplifiserte dette med det dilemmaet ho stod i, når ho skulle populariserer det faglege innhaldet. Her opplever ho eit krysspress: – Fagmiljøet veit alt, publikum veit ingen ting, men kvar bør ho ha lojaliteten sin når ho skriv: Hos fagmiljøet eller hos publikum?

– Dersom ein skal nå fram, må ein ha fokus på mottakaren, altså publikum, poengterte fleire av innleiarane.

Dersom ein skal kommunisere godt med brukarane, bør ein også nytte journalistiske nyheitskriteria for å trekke ut det vesentlege, poengterte kommunikasjonsrådgjevar Odd Bjørn Solberg, frå Husbanken.  Journalistiske arbeidsmåtar fokuserer på NYHEITER. Det inneber å velje ut, vinkle, spisse eller dramatisere stoffet.

Universell utforming er inga nyheit lenger – i beste fall då dette vart introdusert i Noreg for 10-15 år sidan.  Nå må det handle om det nye i dei tiltaka som legg vekt på universell utforming: Kva nytte har folk flest av slike tiltak? Ved å bruke journalistiske nyheitskriteria, som til dømes aktualitet, nærleik og konsekvens, kan vi lokalisere det gode nyheitsstoffet i uu-tiltaka.

Statleg kommunikasjonspolitikk bør vere open, heilskapleg og ha eit språk som folk forstår, poengterte Ragnhild Samuelsberg, fagdirektør i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. Lars Hovland, informasjonsrådgivar hos Fylkesmannen i Østfold, skisserte nye trendar innan kommunikasjon: Vi ser ei utvikling frå informasjon til kommunikasjon, frå ein-til-mange til mange-til-mange. Her er det dei sosial media som seglar opp. Samstundes ser vi ei samansmelting av ulike media, der tekst, lyd og bilde blir nytta samstundes, særleg i dei nye smarttelefonane. Dette stiller oss overfor eit utfordring, som krev ein ny kanalstrategi i vår kommunikasjon med omverda: Vi kan nok halde fast ved tradisjonelle (papir)media, men vi må i tillegg følgje nøye med på framveksten av dei nye, sosiale media og tilpasse bodskap og medieval til målgruppene.

Innhaldet er ein ting. Form noko anna. Det reiser spørsmålet om god nettdesign: Korleis bør heimesider utformast for å fungere optimalt for ulike brukargrupper?

– Det finst ingen standard for god design eller god kommunikasjon, poengterte Morten Tollefsen frå MediaLT.  Han poengterte at vi nyttar mange og ulike dataprogram i løpet av ein dag, der dei fleste har kvar sin standard. Han poengterte også at sjølv om ei heimeside er tilgjengeleg, treng ho ikkje vere brukarvennleg. Med det meinte han at vi rett nok kan finne fram til sida, men vi finn ikkje fram på den, fordi ho er dårleg strukturert og vanskeleg å forstå.

Etter disse grundige foredraga vert lyarane (deltakarane frå både kommunikasjonsområdet og koordinatorane for arbeidet med universell utforming) sett til å utveksle erfaringar om eigne eksempel. Dei vert også utfordra til å lage innspel til korleis nasjonale nettsider som omhandlar universell utforming kan betrast.

Referent: Odd Bjørn Solberg, Husbanken

Invitasjon og program (pdf – 324Kb)

Omvisning Hellerisninger Skjeberg

Omvisning til helleristningsfeltet ved Solbergtårnet i Skjeberg (Sarpsborg kommune). Arkeolog Linda Nordeide frå Østfold fylkeskommune fortel om arbeidet med tilrettelegging av feltet for publikum (Foto: Odd Bjørn Solberg, Husbanken).


Foredrag mandag 16. april – Fagkonferanse

Fellessesjon
Møteleder: avdelingsdirektør Erik Vieth Pedersen, Miljøverndepartementet

Parallellsesjon A
Møteleder: rådgiver Hild Kristin Morvik, Miljøverndepartementet

Parallellsesjon B
Møteleder: seniorrådgiver Einar Lund, Miljøverndepartementet


Foredrag tirsdag 17. april – Fagkonferanse (forts)

Møteleder: seniorrådgiver Einar Lund, Miljøverndepartementet


Foredrag tirsdag 17. april – Nettverksamling

Møteleder: rådgiver Hild Kristin Morvik, Miljøverndepartementet

Foredrag onsdag 18. april