Vinje kommune

Heilårs skiløype sameinar idrett, friluftsliv og turisme

Kva med ei heilårs skiløype til glede for både idrett, friluftliv og turisme? Det er nett dette Rauland har gjort. Bygda er eit eldorado for alle som er glade i idrett og friluftsliv, der turisme er ei viktig næring både sommar og vinter.

Dugnadsarbeid med montering av treningsapparat langs turløypa

Dugnadsarbeid med montering av treningsapparat langs turløypa

Rådet for eldre og funksjonshemma tok initiativ til å utvikle ein universelt utforma turveg i Rauland sentrum. Dette fall saman med ønsket til skiskyttargruppa i idrettslaget om å få asfaltert ein del av den eksisterande ljosløypa for å legge til rette for sommarskibruk.

Ski året rundt
Kommunen såg potensialet i utspelet, der einingane for næring, helse og omsorg tok ansvar for å samordne prosjektet. Målsettinga er å opparbeide ein universielt utforma, ljossett og skilta turveg på 1.4 km innan utgangen av 2017. Den skal vere lett tilgjengeleg for alle uavhengig av alder og funksjonsnivå. Denne heilårs turvegen skal stimulere både til fysisk aktivitet og vere ein sosial møteplass.

For liten og stor
Skule, barnhage og omsorgssenter ligg eit steinkast unna, og vil vere viktige brukarar av løypa. Den kan nyttast av både gåande, syklande, personar med rullestol og på rulleski. Difor har desse brukarane sin medverknad vore avgjerande for å vurdere bruksbehov, helningsgrad og løypebreidde. Delar av turvegen er ferdigstilt i samband med kommunen si utbetring av nærliggande vatn og avløp. Det er lagt ned flotte, naturlege leieliner av stein, og det gode samarbeidet med den lokale grunneigaren har gjort det mogelege å felle tre, som har opna utsynet mot elva.

Frisbee-dugnad
Dugnadsinnsatsen til idrettslaget har resultert i ei frisbee-bane langs løypa og ein plass, der det er sett opp treningsapparat.

I skrivande stund legg no snøen seg her 700 meter over havet, og kommunen vil bruke vinteren på å sikre finansieringa, slik at grunnarbeid og asfaltering kan starte opp att våren 2016. Rasteplassar som er tilgjengelege for alle med universelt utforma skilting er neste steg mot målet.

Deltaking i nasjonale nettverk har gitt Vinje kommune kunnskap og kontaktar, som gjer det vidare arbeidet enklare. Kommunen er også oppteken av å vidareføre erfaringane med å samarbeide på tvers av einingar og med friviljug sektor i andre framtidige prosjekt. Rapporten (pdf) utdjupar arbeidet.


 

Samfunnsdelen, Arealdelen, Turstier/turveger, Adkomst, Kulturminneverdier, Formidling, Informasjon, Folkehelse, Sentrumsutvikling, Reiseliv, Administrativ forankring, Informasjon, Veiledning, Av råd, brukerorg., frivillige org. Næringslivet, Prosjektorganisering, Kommunikasjon, Tilsyn/kontroll, Erfaringer og læring i organisasjonen, Universell utforming, Nærmiljø, Lokalsamfunnsutvikling, Inkludering, Trygghet, Tilskudd, Barnehage/skole, Helse/omsorg, Kultur/idrett, Informasjon, Tilgjengelighet, Ledelinje, Lyssetting, Rullator, Rullestol, Frisbee – golf, Treningsapparater.