Klepp kommune: Sansehage

Sansehage mellom jærske steingardar

Sansehagen er eit gammalt uteområde ved Kleppheimen, som har fått ei skikkeleg oppgradering med jærske ­steingardar. Den ligg i Klepp kommune i Rogaland og er eit svært vellykka prosjekt.

Klepp kommune: Sansehage Sansehagen framstår som eit svært vellykka prosjekt. Den er funksjonell og fin å sjå på. Ein har teke med jærske element, som steingardar som har laga ly for vind og regn. Alle foto: Klepp kommune.

Sansehage mellom jærske steingardar

Sansehagen er eit gammalt uteområde ved Kleppheimen, som har fått ei skikkeleg oppgradering med jærske ­steingardar. Den ligg i Klepp kommune i Rogaland og er eit svært vellykka prosjekt.

Den er funksjonell og samstundes fin å sjå på, der steingardane gir ly for vind og regn, noko det er mykje av på Jæren. Kleppheimen er ein ­institusjon for eldre, der det og er eit aktivitetssenter for heime­buande.
Sansehagen kosta 3,6 millionar, og universell utforming var eit sentralt krav ved utforminga. Med bru og lysthus, som kom i tillegg til opprinneleg kalkyle, vart budsjettet på 4,6 mill. Arbeidet med sansehagen var ein del av eit større reha­biliteringsarbeid på Kleppheimen. Totalkostnad var over 10 mill. Kommunen fekk ­tilskot frå Husbanken til sansehagen på 1,08 mill.

Hage

Lysthuset midt i hagen er skjerma både for vind og regn med netting i veggane.

Godt materialval
Materialvalet gir eit varmt uttrykk. Det fungerer bra med svart asfalt, røde teglheller og grønt gras. Ein har unngått at alt vart grått, slik som ein ofte kan oppleve med andre type materiale.

Vindskjerming er eit nett i rustfritt stål, som fungerer bra i forhold
til demping av vind. Det gjennomsiktlege nettet gjer at hagen samstundes verkar open. Asfalt er brukt som underlag i gangsonen, og marktegl er brukt som naturleg leieline og avgrensing mellom gangsone og møbleringssone.
Det er brukt berre låge lyktastolpar for at belysninga ikkje skal blenda.

Betre tilkomst frå andre etasje til hagen var eit viktig poeng. Brua har gjort dette mogleg, samstundes som ho gjer evakuering ved brann enklare. Lys på gangbru er integrert i rekkverket. Vegen slynger seg fint oppover, og ein ser tydeleg gang- og møbleringssoner. Dersom ein vil utvide turen, kan ein gå rundt bygget

Steingardar gir identitet
For å skape identitet til Jæren og det som beburarane ved Kleppheimen er vane med frå sin ­bustad, er det sett opp steingarder. Det er i tillegg planta kjende bærbuskar og frukttre i hagen. Det er valt ­allergivennlege, blomster og planter. Det er relativ lite med plen, og den er ikkje lagt inn til bygget

Sansestimulering
Eit viktig punkt for brukarane var opphøgde plantekassar. Det er og laga ein pergola ved sitjegruppene, som skal få tak av plantar når dei veks til og gi skjerming for sol og regn. Gode benkar med armlener, ryggstø, og god sitjehøgde er det mange av, og det er montert bord som ­rullestolar kjem inn under. Fleire utvendige elektriske punkt var og viktig, slik at ein kunne ­organisere vaffelsteikinga utan lange skøyte­leidningar

Hage.

Gode benkar i gjenkjennbare omgivnader

Hage.

Opphøgde bed og altankasser gjer det enkelt å sjå, lukte og ta på ulike krydderurter, som også vert brukt i matlaging på kjøkkenet.

Hage.

Det er mogleg å gå ei lita rundløype. Den er ikkje heilt flat, men heller ikkje meir krevjande enn at det fungerer bra for rullator og rullestol. Det er gode kontrastar mellom gangsone og møbleringssone.

 

 

 

 

 

 

 


Stikkord, søkeord, nøkkelord:
RehabiliteringOpprustingParkFolkehelse
Politisk forankringAdministrativ forankringØkonomiplanBudsjettTverretatligProsjektorganiseringUniversell utformingInkluderingTrygghetTilskuddHelseOmsorgKontrasterKontrastmerkingLyssettingOverflatePublikumsbyggOmsorgsstandardOverflateRullatorRullestolSnusirkelTaktil merking