Møre og Romsdal fylkeskommune

Frå plan til handling – ei handbok

Fylkesplanen 2013-2016, som er den overordna regionale planen i Møre og Romsdal, har fire satsingsområder og seks gjennomgåande perspektiv. Satsingsområda er kultur, kompetanse, verdiskapning og samferdsel, mens dei gjennomgåande perspektiva er barn og unge, folkehelse, universell utforming, likestilling og inkludering, internasjonalisering og miljø og klima. Det er no utarbeidd ei handbok som skal vere eit verktøy i arbeidet med dei ulike gjennomgåande perspektiva. Universell utforming har fått særskilt tyngde ved implementering av handboka ved at temaet er presentert faglig og nytta som eksempel i presentasjonane.


Handboka skal vere eit hjelpemiddel


Handboka skal vere eit hjelpemiddel for:

  • Synliggjering av og bevisstgjering om dei gjennomgåande perspektiva i Fylkesplan 2013-2016
  • Gjennomføring av mål og tiltak knytt til dei gjennomgåande perspektiva
  • Sikre medverknad i den regionale planlegginga
  • Fremme verdiane i arbeidsgjevarpolitikken

Prosess som verkemiddel for implementering

Ein av utfordringane ein stadig møter er å få handbøker og andre standardar implementert som det verktøy og hjelpemiddel det er meint å vere.

I Møre og Romsdal fylkeskommune er prosessen med å utvikle handboka eit verkemiddel for innføring av det endelege resultatet.  Alle avdelingar i fylkeskommunen har vore representert i prosjektet som har hatt fylkesmannen og kommunane som viktige samarbeidspartnarar. Rådet for likestilling av funksjonshemma og eldrerådet har vært sentrale referansegrupper for arbeidet. For å sikre at handboka vil bli nytta, skal den vere eit verktøy å benytte i all  saksbehandling og ved den årlege rapporteringa på fylkesplanen, da særskilt mot dei gjennomgåande perspektiva. At alle er med på å gjøre dette er avgjørande for at Møre og Romsdal fylkeskommune får gjennomført og når måla de har satt seg i sin fylkesplan.

Skjermdump

Kva handboka betyr?
Vi ser at handboka har ført til at ein er flinkare til å sikre medverknad tidlig i prosessen og at omsynet til universell utforming blir tatt med tidlegare i arbeidsprosessane. For eksempel ved at kulturavdelinga har eit sterkt fokus på universell utforming i arbeidsprosessen med spelemiddelsøknadar, der både offentlege og frivillige lag og organisasjonar kan søkje om midlar til ulike anlegg. Innspel til universell utforming er her viktig heilt frå starten. Den same oppmerksemd har ein ved kartlegging av friluftsområder. Samstundes kan ein sjå at samferdselsavdelinga stille ytterligare krav til universell utforming når dei lagar konkurransedokument til sine anbodsrundar. Ein ser òg at arbeidet med handboka og presentasjonar av ho har gjort at Rådet for likestilling av funksjonshemma har vorte betre kjent blant både politikarar og tilsette i fylkeskommunen, fylkesmannen og kommunar i fylket.

Medverknad og deltaking
Handboka sett medverknad og deltaking i sentrum, der brukarkompetanse tidlig i planprosessar står sentralt. Særlig ser vi at bredda i deltaking er større blant frivillige og organisasjonar enn elles.

Det vart  invitert til arbeidsverkstader i Molde og Ålesund våren 2013. I overkant av 70 personar deltok. Dei kom frå kommunane, Fylkesmannen, KS, LO, ulike interesseorganisasjonar, idrettskretsen, Kompetansesenter rus Midt-Norge, eldreråd, frivillighetssentralar og friluftslivsorganisasjonane. I tillegg vart det gjennomført eigne møter med trygg Trafikk og representantar frå Ungdomspanelet. Planen var tema på partnarskapsforum (partnarskap for folkehelse mellom kommunane og fylkeskommunen) og det vart publisert fortløpande informasjon på fylkeskommunen sin nettstad, www.mrfylke.no/medverknad


Sitat:
Alle saksbehandlarar og fylkesutvalet får sitt eksemplar av handboka, og den må gjennomgåas i et e-læringskurs for administrasjonen.


Stikkord, søkeord, nøkkelord:
PlanstrategiAdministrativ forankringPlanforankringFylkesplan