Time kommune

Samarbeid på tvers gav universelt utforma idrettsbarnehage

Time kommune har arbeidd med å kartlegge kommunale bygg med omsyn til universell utforming og ønskte samstundes å styrke samarbeidet på tvers mellom eigedomsavdelinga og helseavdelinga.

Vestly idrettsbarnehage har store friluftsområde å boltre seg på.

Ein ønskte også å heve kompetansen hos tilsette i eigedomsavdelinga med omsyn til universell utforming og hos ergoterapeuten i helseavdelinga i høve til prosjekterings- og byggjeprosessar. Dette samarbeidsperspektivet tok kommunen med seg inn i planlegginga av Vestly idrettsbarnehage.

Ergoterapeut i eigedomsavdelinga
Det vart etablert god kontakt mellom helseavdelinga og eigedomsavdelinga, slik at ergoterapeuten no har ei 20 % stilling knytt til eigedomsavdelinga for å følgje opp universell utforming ved nybygg og rehabilitering. Dette tverretatlege samarbeidet vart prøvd ut under planlegginga av barnehagen. Her la ein vekt på å byggje ein barnehage for framtida. Byggje- og prosjektleiar hadde god kunnskap om universell utforming, og kommunen besøkte barnehagar både i Noreg, Danmark og Sverige for å byggje vidare på gode løysingar derifrå. Sentrale emne var lys- og lydforhold, astma- og allergi, bevegelse og orientering.

Størst på Jæren
Vestly idrettsbarnehage er den største barnehagen på Jæren med plass til nesten 200 barn. Den er bygd som ein avdelingsbarnehage med 10 ulike avdelingar. Den er på heile 2260 kvadratmeter og sto ferdig i 2014.

Oversiktsbilete over barnehagen

Oversiktsbilete over barnehagen

Den gode barnehagen
Det gode samarbeidet mellom helse- og eigedomsavdelinga har gitt mange gode bygningstekniske løysingar:

Syn: Det er godt med dagslys i alle delar av bygget. Takvindauge i fellesromma gir eit behageleg overlys.  For å dempe motlys er det lagt litt farge i alle glas. Det er solavskjerming i sentrale vindauge og store glasflater er stripemerka.

Hørsel: Treveggar og lydisolerande takplater. Det var planlagt 2,5 cm høge dørtersklar for å hindre støy mellom romma, men desse var fjerna i etterkant.

Astma og allergi: Alle lyskjelder er lagt i taket for å hindre støvsamling. Bygget har grovgarderobe både for barn og vaksne for å hindre tilgrising inne. Garderobe-vaskane har automatisk vatn i alle kranar (smittevern). Det er veggmonterte bosskorger (enklare reinhald). Det er få opne hyller til fordel for skap med dører. Foreldra må levere legeattest ved matallergi.

Bevegelse: Barnehagen har stort fokus på bevegelse og aktiv bruk av kroppen. Det er automatisk døropnar ved hovudinngangen, heve/senke stellebord i alle bad, klatrevegg og løpebane.